Dører og vindauge
Møbelsnekkeriet produserar vindauger, ytter- og innerdører etter spesialmål og ynskjer. Det kan vera vindusrammer som skal kopierast og stå i ein gamal karm, eller ei ekte ytterdør med innoverslag og særpreg. Me lagar også innerdørar med skrå eller bue på toppen, eller kanskje vil du nytte ei gamal dør som treng ny karm. Då skal karmen ha samme dybden som veggen.
Møbelsnekkeriet ettermonterar også koblavindu på gamle glas. Dette er ei teneste me er spesielt stolte av. Det er ei fjør i hatten kvar einaste gong me kan redda eit gamalt vindauge med sjel og handblåst glas, og gjere det brukarvennleg for nye generasjonar.
Me kan også skaffa ekte håndblåst sylinderglass dersom du vil pusse opp gamle vindauge.
Hardanger Lamberts Glass www.hgl.no